top of page

Den Gode Hensigt

"Den Gode Hensigt" er ein kopi av Skåsheimsbåten som står på "De Heibergske Samlinger" i Kaupanger. Originalen er frå omlag 1830, bygd av Ola Risen og vart nytta som føringsbåt på garden Skåsheim ved Sognefjorden. På dei store gardane i Sogn hadde dei ei lita jekt, ofte kalla ein storebåt til vareførsel bygdene imellom og til Bergen.

 

"Den Gode Hensigt" er 34 fot og vart bygd i 1992 på AMO- midlar av Bergen Kystlag si kursverksemd. Båtbyggjar var Nils Olav Solbakken og arbeidsleiar var Georg Gundersen.

 

Vi har dugnadar og nyttar båten på kortare og lengre turar. Båten vert og nytta til kurs i segling med råsegl.

DGH.jpg
Den Gode Hensigt: Programs
bottom of page