Bergen Kystlag

-for bevaring og bruk av eldre fartøy og kystmiljø.

Vebjørn

 


Oselvaren Vebjørn

Vebjørn er bygd på Oselvarverkstaden i 2002, som bygg nr. 26.

I båtsamtalen med Harald Dalland fortalte eg at båten skulle brukast mykje i Vatlestraumen, der eg bur. Eg ville ha ein god og stødig ro- og fiskebåt. Ein trygg båt for båe store og små. Dessutan ville eg ha ein råseglrigga båt.

Harald kom fram til ein 10 ¼ alning, som reiser seg noko tidleg  i stamnen. Eg kan då lettare manøvrere båten med årar i den sterke Vatlestraumen. Han er godt lagt ut, slik at eg har god løft i båten når eg trekkjer bruket. Båten har samstundes fått ein god lengd for å vere egna  til segling. 

Resultatet vart godt. Når eg seglar på god bidevind, oppstår det eit logisk og harmonisk tilhøve mellom båt, rigg og folk som eg trur ein berre kan oppleve i ein råseglrigga båt. Han er ein ypperleg turbåt, og lar seg enkelt trekkje opp i fjøra om kvelden.

Eg har ofte undrast over at råseglet mest er teken ut or bruk på oselvarfæringen. Er ikkje dette eit paradoks, når vi av pussar og steller med så mange andre sider av kystkulturen vår ? Eg var nysgjerrig og ville ta i bruk att råseglet på oselvarfæringen. Eg vart ikkje skuffa.

 

 

Styret i Bergen kystlag

Formann
Tom Backer Johnsen
backer(A)psych.uib.no

 

Styremedlem
Jonatan Krzywinski
jonatankrzywinski(A)gmail.com

 

Styremedlem
Anne Henschien

anne(A)Henschien.nl

 

Styremedlem
Harald Grindheim
harald.dag.grindheim(A)gmail.com

 

Styremedlem
Martin Helgesen
mahe(A)statoil.com
mahelges(A)broadpark.no

Varamamedlem
Olav H. Hansen

Varamamedlem
Øyvin Konglevoll
konglev(A)online.no
 


Erstatt (A) med @ når du sender en epost.

Forum

Færøybåten, Ett svar 

Startet av Svein Larsen. Siste svar av Anita Andreassen okt 4, 2011.

Gamal 6-æring frå Samnanger Ett svar 

Startet av Geir Glosvik. Siste svar av Per Otto Svendsby aug 22, 2010.

Noen som vil redde en båt?

Startet av Alv Terje Fotland mar 23, 2010.

Det vi gjør og har gjort - betyr noe for andre 2 svar 

Startet av Knut Krzywinski. Siste svar av Harald Grindheim apr 12, 2010.

Video av sandviksbodene i 1934

Startet av Harald Grindheim feb 8, 2010.

© 2012   Created by Harald Grindheim.

Skilt  |  Melde om et problem  |  Tjenestevilkår