-for bevaring og bruk av eldre fartøy og kystmiljø.
Far var fiskar og hadde mykje med færingar å gjere. han bygde modellar av fleire av færøybåtane, men han fekk aldri heilt kunnskap om korleis de for 80-100 år sidan malte desse båtane. Eg går ut fra at dei i hovedtrekk var tjærebredde utvendig og kanskje og under vannlinja. Men var riper, tofter, tilfar etc.malte i andre fargar?
Eg trur nok at det er medlemmmer i Kystlaget som veit noko om dette, og då eg nå set nokre av modellane i stand vil eg gjerne at dei er riktig fargesett.
Og om ein ser til vår eigen tradisjon, så er eg oppvoksen i ein verden kor færingsbåtane blei tjæreredde ein gong i året, men at vaterborda , ripa og toftene var kvitmåla og de to øvste bordgangane var malte i grønt eller blått, alt etter kor ein kom frå i fjorden. Tilfar og pliktar vart og ofte malt for ikkje å ble klesne når en sat ombord. Ein brukte rødmønje på tredje bordgangen under tilfara, og på undersida av tilfara.
Utvendig , under vannlinja brukte ein beltemaling/bunnstoff som på større fartøy og steambåtar.Ein ser så skjeldan slike færingsbåtar ble fargesatt nå om dagane, og eg berre spør om det nå er alment vedtatt at slike fartøy skal heil dekkast med tjære eller tjæreerstatning (tWhite spirite /linoljer er vel heller ikkje rette insausingar for båtar som ligg i sjøen, og fullstendig owatrol behandling kan gjerne gje ei tålig riktig konservering...men er det rett å bruke owatrol på dei båtane ein får levert frå bytbyggjarane?
Kva er rett? Eg får om eit år ein ny færing frå ein byggjar... og han veit heller ikkje kva som er rett, eigentleg.
Merker:
Permalink Svar innen Anita Andreassen den 4 oktober 2011 kl. 16.18 Velkommen til
Bergen Kystlag
Registrer deg
eller logg inn
Formann
Vilhelm Bjerknes
bjerknes.v(A)gmail.com
Styremedlem
Øyvin Konglevoll
konglev(A)online.no
Styremedlem
Jonatan Krzywinski
jonatankrzywinski(A)gmail.com
Styremedlem
Harald Grindheim
harald.dag.grindheim(A)gmail.com
Styremedlem
Kåre Taule
randitau(A)broadpark.no
Varamamedlem
Olav H. Hansen
olavhh(A)yahoo.com
Varamamedlem
Solveig Brekke
so-brekk(A)online.no
© 2013 Created by Harald Grindheim.